På Veg

påvegKomande veke fokuserer heile MN-fakultetet på studie- og karriereplanlegging: KVA SKAL DU BLI – KVA ER MÅLET MED STUDIA – KORLEIS SKAL DU NÅ MÅLET? På tysdag kl 12.30-14.30 er det programvise føredrag frå tidlegare studentar. For oss er det verdt å merke seg at

  • i Aud. 3 kl. 12.30 – 13.00, kan du høyre Inger Høstmark fortelje om korleis ho TILFELDIGVIS havna I OLJEBRANSJEN. Inger fullførte mastergrada si i organisk kjemi i november 2011 og jobbar i dag som prosessingeniør i selskapet Aibel. Ho vil fortelje om kjekke år på universitetet, om korleis kjemi har gitt ho mange moglegheiter etter studietida, om ein tidlegare jobb på VilVite med undervisning og vitenshow, og om hennar naoverande jobb hjå Aibel. Mange vil dessutan kjenne Inger frå den store, frivillige innsatsen ho har gjort i Norsk Kjemisk Selskap.
  • i Aud. 2 kl. 14.00-14.30 fortel Maria Kolnes Lie om vegen FRÅ NANOTEKNOLOGI TIL KREFTFORSKING. Etter å ha fullført mastergrad i nanovitskap hausten 2013, jobbar Maria i dag som ph.d-stipendiat i forskingsgruppa «Cellnet» på Institutt for biomedisin. Her studere ho korleis nano- og mikromiljø påverkar cellene sin respons på kreftmedisin. Maria vil fortelje om mange fine år som student i Bergen og gje eit innblikk i arbeidskvardagen sin som stipendiat.Bjørn-Grung-291x300

Det fulle programmet for På Veg finn du på her. Ein hovudattraksjon er utdelinga av Undervisningsprisen — til Bjørn GrungDette skjer på tysdag kl 1200 – møt opp nedanfor kantina! Realistutvalget grunngjev tildelinga med arbeidet og innsatsen hans på KJEM110 og vektlegg   «evne til å variera undervisninga, stadig interessant undervisning og gode og morosame historier som passer godt til undervisninga. Andre viktige hovudpunkt er blant evna hans til å motivere og engasjere elever og ikkje minst vera ein som viser og forklarar overgangen frå elev på vidaregåande til student ved eit universitet. Han fortel om gode læringsmetodar og er ein viktig motiverande faktor for å få studentane til å møte opp på 08.15-førelesingane.» Det kan ikkje vere tvil om at dette fortener ein pris!