Etisk forsking

Etiske perspektiv på og i forsking strekkjer seg frå praktiske forhald i kvardagen (f. eks. Sikker Job Analyse, jfr HMS-halvdagen vår), via god forskings- og publiseringspraksis (jfr. Leiv Sydnes sitt foredrag på kjemitorsdag) og til etiske rammer for kva retning forskinga vår bør ta. Vidar Jensen og medforfattarar presenterer eit godt døme på det siste punktet, henta frå eiga forsking.

Eit bevisst forhald til etiske perspektiv på forsking er eit evalueringspunkt ved søknad om forskingsstøtte, jamfør punktet Key perspectives and compliance with strategic documents i Forskningsrådet sitt søknadsskjema. I somme prosjekt kan det liggje til rette for samarbeid med Senter for vitskapsteori, kor ein av professorane våre (Jeroen van der Sluijs) har arbeidsplassen sin.