Korleis kombinere tradisjonell undervisning med nettundervisning?

I fleire av emna våre kan det vere nyttig å erstatte og/eller komplementere deler av den vanlege undervisninga med studentaktivitet over nettet. Dette kan brukast både til mengdetrening og stoffgjennomgang for utvalde deler av pensum. Program for universitetspedagogikk inviterer denne våren til eit kurs i nettopp How to Design and Teach Blended CoursesKurset UPED63X går over 3 dagar (23. februar, 23. mars og 20. april) og du kan finn lenke for å registrere deg her. For meir detaljert informasjon, sjå tekst.