Helge i farta – og nytt Fakultetsstyre er klart

Universitetsstyret vedtok i går å tilsetje Helge Dahle for 4 nye år som dekan ved fakultetet. Dei vedtok også at Fakultetsstyret ved MN skal utvidast med eksterne styremedlemmer. Konsernsjef Jannicke Hilland, BKK, blir ny styreleiar og med seg får ho instituttleiar ved Kjemisk institutt UiO, dr. scient. Jo Døhl. Hilland har dr. scient.-grad frå IFT, og i den samanhengen samarbeidde ho m.a. med kjemometrigruppa på KI.

Foto. Dagens perspektiv

Foto. Dagens perspektiv

Valet på dei resterande medlemmene i Fakultetsstyret er også avslutta men ikkje publisert enda. 170531_fjermestad

Det er likevel klart at Ida, som er i avslutningsfasen på BSc-studiet i kjemi, har fått fornya tillit frå studentane. Vi ønskjer lukke til med arbeidet – du kan lese kva ho vil fokusere på her.