Monthly Archives: juni 2017


Alexander og Jarle vinn Universitetsforlagets lærebokpris!

Foto: Universitetsforlaget

Jarle S. Diesen (HVL) og Alexander H. Sandtorv er velkjente personar for mange på Kjemisk institutt – Jarle som sensor i mange samanhengar, og Alexander som tidlegare phd-kandidat frå KI og no postdoktor og foreleser ved Portland State University. Dei to er i gang med å skrive lærebok om Moderne organisk kjemi og har blitt tildelt Universitetsforlaget sin lærebokpris! Dette er ein pris for beste lærebokidé og vurderinga er basert på eit prøvekapittel og ei kort skildring av prosjektet. Vi gratulerer og ønskjer lukke til med fortsetjinga av skriveprosjektet!!

Per Bakke er ny dekan på Det medisinske fakultetet

Foto: På høyden

Foto: På høyden

I siste Universitetsstyremøte fekk MOF både nytt navn og ny dekan! Fram til han tek over som dekan, er Per Bakke instituttleiar ved K2, som har ansvar for farmasistudiet. I intervju med På høyden flaggar Per ambisjonar om å gjere «fakultetet til det foretrukne fakultetet i landet for studenter innen medisin, farmasi, odontologi og ernæring.» Han ønskjer også å trekke fakultetet nærare resten av verksemda til universitetet. Vi ser fram imot godt samarbeid!

 

Stemningsfull masterseremoni

Foto: UiB

Foto: UiB

På fredag arrangerte MN masterseremoni i fullpakka Aula, med ca 150 deltakande MSc-kandidatar. Etter fine taler og vakre kunstneriske innslag, mottok MSc-kandidatane, ein etter ein, ei rose og helsingsbrev frå vår dekan. Arrangementet kan anbefalast til veiledarar og studentar – det er plass til fleire kjemistudentar til neste år!

Resultat frå val til Fakultetsstyret

Følgjande representantar er valgt som faste medlemmer i det nye Fakultetsstyret: For gruppe A: Tor Eldevik (MI), Bodil Holst (IFT), og Jan Arne Telle (II). For gruppe B: Lea Svendsen (GFI). For gruppe C: Lill Kristin Knudsen (MBI). For gruppe D: Ida Landmark Fjermestad,  og  Andreas Trohjell. Som nevnt tidlegare, vil Fakultetsstyret få to eksterne medlemmer: Jannicke Hilland og Jo Døhl.

BTO-dag i dag

btoimage001Husk at i dag, første tysdag i månaden, er Elisabeth hos oss frå kl 1200. Ta gjerne kontakt med henne om BTO-relaterte saker eller berre for å diskutere ein idé!

Helge i farta – og nytt Fakultetsstyre er klart

Universitetsstyret vedtok i går å tilsetje Helge Dahle for 4 nye år som dekan ved fakultetet. Dei vedtok også at Fakultetsstyret ved MN skal utvidast med eksterne styremedlemmer. Konsernsjef Jannicke Hilland, BKK, blir ny styreleiar og med seg får ho instituttleiar ved Kjemisk institutt UiO, dr. scient. Jo Døhl. Hilland har dr. scient.-grad frå IFT, og i den samanhengen samarbeidde ho m.a. med kjemometrigruppa på KI.

Foto. Dagens perspektiv

Foto. Dagens perspektiv

Valet på dei resterande medlemmene i Fakultetsstyret er også avslutta men ikkje publisert enda. 170531_fjermestad

Det er likevel klart at Ida, som er i avslutningsfasen på BSc-studiet i kjemi, har fått fornya tillit frå studentane. Vi ønskjer lukke til med arbeidet – du kan lese kva ho vil fokusere på her.

 

 

← Previous page